Eg har ei tilståing å koma med.

Eg er ikkje lenger ei kvinne av menneskeslekta. Eg er noko anna. Noko nesten ukjenneleg og merkeleg. Ein mutant.

Ein gong var eg ei heilt normal kvinne. Kleda eg bar lot seg finna i heilt vanlege butikkar som fører slike varer, og dei passa òg. Men slik er det ikkje lenger. Det har ikkje vore det på ei tid.

Det ville vera løgn å seie at eg ikkje heilt veit kva som skjedde, for det gjer eg. Det heile var nøye orkestrera og planlagt frå start til slutt. Men det eg ikkje var heilt førebudd på, var dei fysiske konsekvensane av mitt val.

Ein morgon vakna eg nemleg, på ein måte som ville fått sjølvaste Kafka til å bleikna, utan å kjenne att kroppen min. Musklane var ikkje der dei pleidde. Kroppen min var ikkje flat og lett handterbar meir. Den ville aldeles ikkje opp av senga. Eg måtte difor dragast opp av han som låg ved sia av meg og framleis var seg sjølv.

Det tok litt tid før eg fatta kva det var som var hendt. Eit lite, vent egg som i utgangspunktet ikkje var større enn eit lite punktum, hadde no utvikla seg frå sin vesle plass i magen min og tatt over heile resta av kroppen. Slik var det. Eg bar det ikkje inni meg meir. Eg hadde vorte Egget sjølv.

I byrjinga var eg så dum at eg trudde det berre var magen min som hadde fått slik ein underleg og rar fasong. Tida ville dog visa at denne teorien var skammeleg feil, og det var min framleis normale mann som for første gong påpeka dette då han ein kveld utbrøyt: ”Haha, sjå på foten din – den er ikkje flat meir, den er rund!”. Og det er med eit tungt hjarte eg kan melde at denne såkalla ”forrundinga” av mitt tidlegare så slanke legeme no har spreidd seg til hendene mine, fingrane, ansiktet – og ikkje minst til bakenden min.

Dei som trur og meiner dei har god greie på slikt, seier at denne forvandlinga ikkje vil vera for evig og alltid. Inni det Egget som er meg bur det nemlig ein liten fugleunge som snart vil kakka seg ut og møte verda for første gong, og Egget vil så opphøra å eksistere slik vi no kjenner det.

Men kva vil då skje med meg?

Mitt store von er at nokon der ute skal finna opp eggeskal-lim innan dei neste 9 vekene har passera. Elles er eg redd mi tid på denne jorda er ute.

Eg kan allereie kjenna at botnen min i ferd med å gå opp i liminga.